Ledig stilling: Badevert med fleksible arbeidsoppgåver

Er du eit JA-menneske - me vil gjerne ha deg med på laget! Me søkjer etter ein badevert med teamleiarrolle. 

Me søker etter: Badevert ca 40% stilling

Som badevert får du ei viktig rolle med å gjera Suldal Bad til eit attraktivt tilbod i kommunen vår og bidra til å skapa eit positivt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og vil rullera mellom badevakt, skranke/kiosk, reinhald og å leia eit skift. Du må også kunne trø til som seljar, administrator og som teknikar når det er behov. Stillinga vil ha arbeidstid både kveld og helg etter oppsett arbeidsplan.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne og vilje til å ta livredningskurs (dersom du ikkje allereie har det)
  • Kundebehandling og resepsjon
  • Instruksjon i svømming og vannaktivitetar
  • Fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Positiv og stå-på-vilje
  • Sjølvstendig

Tilsetjing basert på intervju og at ein består livredingsprøven eller har gyldig livredningsbevis. Lønn etter tariffavtale.

Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for Suldal Bad Publikum AS, Bonolo Ramphomane-Aandahl, 94883737. Søknaden sender du til bonolo.ramphomane-aandahl@suldal.kommune.no.

 

0