Bading på barnebursdag

Bursdag i badeland

Kva med å ha bursdagsselskap i Suldals eige badeland!

BARNESELSKAP

Me kan tilby barnebursdag tysdag, onsdag eller torsdag i Suldal Bad sine opningstider, men ikkje i skuleferiar eller ved heilagdagar.

Betaling skjer i resepsjonen ved ankomst. Armband med badebillett deles ut samtidig.
Me reknar 1 badevert til selskapet i totalt 2 timer (inkl forbereding, bevertning og rydding)

Selskapet startar med mat i vår kafe inne i våtsonen. Når selskapet er ferdig med mat og drikke er det bading på gang.
Barna vil då vera badegjester på like vilkår som andre badegjester. Dei vaksne som er med barneselskapet har då ansvaret for barna. 
Vaksne tilhøyrande selskapet har då ansvaret for selskapets badande under bading

For barn under 12 år: Her må de ha med 1 badande vaksen per 3 barn.

PRISAR
For barneselskap er prisen 275,- pr. barn. De betalar når de kjem. Då får alle kvart sitt armband med badebillett. Prisen inkluderer:

  • Badebillett
  • 2 pølser i brød pr. barn eller 1 pølse + 1 pommes frites 
  • Slurp /slush
  • Enkel pynting, dekking og rydding av bord. Me reknar ein badevert til selskapet i totalt 2 timar (inkl. forbereding, bevertning og rydding)

De kan ta med kake sjølv viss de ønskjer det. Brus og andre varer må ein kjøpe til normal pris

NB! Det er ingen rabatt for barn som har årskort, då dette er ein pakkepris. Ein vaksen pr. 3. barn kjem inn gratis. Er det fleire vaksne, må dei løyse billett som vanleg enten om dei kjøper enkelt billett eller bruker årskort/klippekort.

0