ikon - svømmer

Swimtag 

Swimtag er eit gratis tilbod og er eit system som kan brukast av alle som kan svømme. Swimtag er motiverande og gjer at fleire brukar svømming som trening. Gjennom ulike funksjonar i systemet vil du som gjest hos oss kunna ta del i premierte utfordringar, treningsprogram, statistikkar og konkurransar som gir deg fleire moglegheiter. Du kan konkurrera mot deg sjølv eller mot andre, eller kun bruka statistikken for å forbetre ditt eige nivå. 

Slik gjer du:

  • Spør om eit Swimtag-kort i resepsjonen (som blir ditt personlege kort), så får du eit aktivert armband på tårnet ved å scanne kortet.
  • Armbandet leverast tilbake til tårnet etter at du er ferdig med å svømme. Swimtag-kortet må du ha med deg for å kunne aktivere eit armband kvar gong du skal svømme. (Swimtag-kortet kan og brukast i alle andre svømmehallar der Swimtag er installert) 
  • Etter at du har svømt først gong registrerer du din profil. Gå inn på www.swimtag.no, opprett brukar og følg stega. 
  • Etter at du har returnert armbandet til tårnet etter bruk vil dine svømmedata bli lasta opp til din brukarprofil, som du enten kan sjekka via Swimtag sin gratis app eller via www.swimtag.no
ikon - svømmer

SUPPAMA for FAMILIE

Suppama er ferdig for halvåret (våren 2022), men følg med her for info om ny oppstart seinare.

 

PRAKTISK:

 

  • Kun 10 plassar ledige kvar gong.
    1 plass = 1 vaksen + 1 barn eller 2 barn med 1 vaksen til stades for tilsyn.
    Alder barn: 7-15 år.
    Alle som deltek må vere svømmedyktige og trygge i vatn

  • Dette er gratis for dei med årskort og klippekort på Suldal Bad, og elles inkludert i badebilletten for dei som kjøper enkeltbillett.

  • Det blir familiesuppama faste dagar, og du må melde deg på kvar gong.

ikon - svømmer

SUPPAMA for VAKSNE

Suppama er ferdig for halvåret (våren 2022), men følg med her for info om ny oppstart seinare.

 

PRAKTISK:

  • Maks 10 personar - så her gjeld det å hive seg rundt.

  • Dette er gratis for dei med årskort og klippekort på Suldal Bad, og elles inkludert i badebilletten for dei som kjøper enkeltbillett.

ikon - svømmer

MORGONYOGA MED MAGNOLIA HELSE

Morgonyoga er ferdig for halvåret (våren 2022), men følg med her for info om ny oppstart seinare.

 

PRAKTISK:

  • Yogaen føregår i terapibassenget og passar for både nybegynnar og dei med litt erfaring. Me har yogamatter.

  • Dette er gratis for dei med årskort og klippekort på Suldal Bad, og elles inkludert i badebilletten for dei som kjøper enkeltbillett.