18/03/2025
ENDRINGAR I OPNINGSTIDER VED SULDAL BAD
Endringane trer i kraft frå veke 17 ( rett etter påske)
Nye opningstider:
Måndag 06.30 - 08.30
Onsdag 16.00 - 20.00
Torsdag 16.00 - 20.00
fredag 06.30 - 08.30 og 16.00 - 20.00
Lørdag / Søndag 12.00 - 17.00
*Ferieopningstider: Tirsdag - søndag 12.00 - 18.00.
Suldal Bad Publikum AS har vore i drift i over fem år, og me er stolte av tilbodet vårt innan folkehelse og reiseliv. Dei siste åra har besøkstala våre gått ned, særleg på vekedagar utanom feriar. For å sikre ei berekraftig og forsvarleg drift i åra framover, har me etter grundige vurderingar valt å justere opningstidene.
Endringane gir oss òg større fleksibilitet og moglegheit til å bruke bassenget til andre etterspurde aktivitetar som mørketidsbading, svømmekurs, utleige, teambuilding og andre arrangement.
- Tysdag ettermiddag og morgonbad onsdagar blir fjerna frå opningstidene.
- Endringane trer i kraft frå veke 17 (rett etter påske).
Me håpar på forståing for desse tiltaka og ser fram til å halde fram med å tilby gode opplevingar ved Suldal Bad.