VIL DU JOBBE HJÅ OSS?

Me søkjer både sommarvikarar og fast helgestilling

 Vil du ta del i eit team av entusiastiske og fleksible medarbeidarar og er du eit JA-menneske, vil me gjerne ha deg med på laget.

Arbeidsoppgåvene er varierte, og vil rullera mellom badevakt, skranke/kiosk og reinhald. Stillingane vil ha arbeidstid både dag og helg etter ein oppsett arbeidsplan.

Me søkjer nå etter
- teamleiarar for badevertar (over 18 år)
- badevertar (over 18 år),
- assisterande badevertar (over 16 år)
- billettørar (over 15 år)

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar for alle stillingar:
• Livredningskurs (om du ikkje har, må du vera villig og ha føresetnader til å ta dette)
• Kundebehandling og resepsjon
• Fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver og arbeidstid
• Positiv og stå-på-vilje
• Sjølvstendig

Som teamleiar har du også desse oppgåver –
• Første linja for beredskap og for førebyggande arbeid i sikkerheit
• Syte for at rutinar på vakta blir overheldt
• Ansvar for fordeling av arbeidsoppgåver til dei andre på vakta
• Å kunne avgjerda


Tilsetting blir basert på intervju og at ein består livredingsprøven/har gyldig livredningsbevis.
Lønn etter tariffavtale.

Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for Suldal Bad Publikum AS, Bonolo Ramphomane-Aandahl, 94883737. Søknaden sender du til post@suldal-bad.no og med kopi til resepsjon@suldal-bad.no. Søknadsfrist 4. april 2025

0